Følg Nei til Visjon Norge på Twitter!

Sigmund Ådnøy ("offentlig figur")

http://www.facebook.com/fysak

mandag 5. desember 2016

Den negative predikanten (the Naysayer) (Förnekaren)


Det var ein gong ein framgangsteolog. Alltid hadde han framgang, aldri tilbakegang. Korleis? Ved å tråkke andre ned. (Fiksjon, om enn ikkje heilt laust basert på verkelege hendingar. Ta helst ikkje denne teksta heilt bokstaveleg.) Ei Eskapistan-tekst. 


Kva vi skal kalle denne framgangsteologen? Vi kan kalle han Granne Skau Gråvald 


-Tidlegare givar A. sine påstandar? 

Nei, dei stemte ikkje, hevda TV-predikanten (altså framgangsteologen).  

-Predikantar som sa at "tiende"-ordninga tilhøyrer Den gamle pakta?  

Nei, dei er jo heilt koko i knollen 

-Kristenavisene som i cirka tretten år ikkje talte om tiggebrev og direktesend penge-peptalk?  

Nei, dei var onde og utsette den stakkars framgangsteologen for spirituell valdtekt.  

-Kritikarfysaken?  

Nei, han finst ikkje.  

Meinte paradokspredikant Granne Skau Gråvald, som teier der andre taler og nektar for det folk gir prov på. 


-Moldovania-arbeidet?  

Nei, det er det berre TV-predikanten og nokre nære vener ("vi") som driv. "Eh," og "tusen tusen takk til alle de partnarar som gjer ditt og datt mogleg for meg og D., der nede i Kissynow".  

-Fattig ukraininiar 

Nei men, då er økonomien din sjuk, kjære ven.  

-Får du ikkje komme til Halvbingskavet?  

"Nei, men då kan du takke deg sjølv, du som ikkje gav verksemda mi 11 111 kroner."  


-Noko meir du vil føye til overfor lesarane, herr Gråvald?  

Eg får ikkje lån frå banken likevel. Buhuhu. Det er ikkje min feil. Det er han Tryggve og dei andre medieulvane si skuld. Skamme seg, skulle dei.  

-Så du meiner det, ja?  

Ja! Og forresten: Det er ikkje sant at vi har filma nordlege område av Moldovania og brukt dei som reklame for arbeidet vårt midt i Moldovania. Det er ikkje sant at dei narkomane og dei andre på den filmen blei brukt av oss for å få folk til å gi til den der Heimen i hovudstaden.  

Og det er ikkje sant at vi tener noko på at prisen per julepakke er heile 455 kroner. Trass i at vi lett kunne fått cirka same innhaldet for 255 kroner. Vi har ingen ting å skjule. Absolutt ingen ting! Om de heng oss ut no, vil Herren straffe dykk. Skjøner du? 

-Huff da. Ja, eg trur eg skjøner kva du meiner …   



(1.12. og 5.12.2016)