Følg Nei til Visjon Norge på Twitter!

Sigmund Ådnøy ("offentlig figur")

http://www.facebook.com/fysak

tirsdag 15. mars 2016

Guillermo Maldonado - kven er han?

Oppdatering 26.04.2016: Eg har skrive eit innlegg i avisa Dagen sitt debattforum. Har kalt det Skepsis til "veldige apostler"

- - - - - - - - - - - - 

Oppdatering, 31.03.2016: I går kveld (onsdag 30. mars) kikka eg igjen litt på Visjon Norges flaggskipprogram - Studio Direkte. Eit stykke ute i programmet var Sigmund Kristoffersen gjest. Kristoffersen representerer den norske Pinserørsla sitt leiarråd. Mellom tinga han og programleiar Geir Apold kom inn på, var Maldonado-møta i mai. Kristoffersen skal på ein ferietur på den tida konferansen er, men lot seg ikkje be to gonger - og mest konstaterte følgande:
Maldonado "har jo en tjenestegave".
Med dét var nok éi Maldonado-tilråding frå pinsefolket eit faktum for Visjon Norge.
Eller skal vi kalle det milepåle, eventuelt "stjerne i boka"?

- - - - - - - - - - - - 

Oppdatering, 16.03.2016: I kveld "skrudde eg på" Studio Direkte på Visjon Norge. Lenge sidan sist. I alle fall: Kjell Haltorp og Pinserørsle-forkynnar Gunnar Jeppestøl var samtidige gjestar i studio mot slutten av sendinga. Dei sa då, til (eks-)pinseforkynnaren Arne Pedersen, at dei støttar Visjon Norge-møta med Maldonado.

(Pedersen er rektor for Visjon bibel- og mediaskole hos Jan Hanvold og Visjon Norge. Tidlegare har han, mellom anna, vore forstandar i ein pinsekyrkjelyd i Sarpsborg.)
- - - - - - - - - - - - 

I byrjinga av mai, altså om under to månader, skal ei predikantstjerne gjeste Noreg. Kven er denne stjerna? Kva for nettverk har vedkommande, og kven tilrår møta han taler på? Har denne USA-busette, opphavleg latinamerikanske forkynnaren nokre særeigne sider?

Er Guillermo Maldonado fantastisk eller farleg? Derom strides de ulærde.


Ei lita presisering:
Det finst to velkjende personar med namnet Guillermo Maldonado. Den eine køyrer bil fort. Den andre - han eg skriv om her - er ein karismatisk predikant.

I auga mine er predikanten vi her taler om, ein framgangsteologisk (tilhøyrer trusrørsla, med teologi svært lik Visjon Norges) forkynnar. Kanskje kan vi seie at han - også dette i likskap med Visjon Norge og Hanvold - vektlegg apostel- og profettitlar meir enn mange andre framgangsteologiske stjerner. Maldonado er slik også "i slekt" med profetisk-karismatiske miljø og ei rørsle nokon har kalla "New Apostolic Reformation". Dette er ein slektskap han ser ut til å ta godt vare på, om ein ser på konferansane og predikantane han ofte har gjesta.

Eg skal ikkje gå særleg meir i detalj om dette her, for då kan vi nyansera og plassera til vi blir blå. Håpar du som les, no i alle høve har fått ei viss peiling!

Så - kva driv denne Guillermo Maldonado med? Han er hovudansvarleg for ein stor kyrkjelyd (menighet) i Miami som heiter El Rey Jesus / King Jesus Ministries. I tillegg til ein del arbeid med denne - inkludert forkynning av usunt og sunt, pengeinnsamling og sosialt arbeid - reiser Maldonado rundt i verda.

Korleis han reiser rundt i verda? Med sitt eige fly. Men dette er heilt på sin plass, synst Jan Kaare Hanvold og andre i trusrørsla (trosbevegelsen) og enkelte andre karismatiske miljø. Hanvold og hans karismatiske fjernsynskanal var i fjor vertskap for Maldonados vårvisitt i Noreg.

Då - i fjor, altså - blei det show i det feiande flotte, Smiths venner-bygde Oslofjord Convention Centre.

I år er Maldonado og hans store lag av hjelparar på nok éin visitt. Denne gongen reknar Visjon Norge med auka oppmøte og har tinga Telenor Arena. Dei reknar med 5000 deltakarar, melder avisa Dagen. Apropos Dagen:

Torsdag sist veke la Visjon Norge ut ei videohelsing frå sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, der sistnemnde tilrår Maldonado-møta.

Jan-Aage Torp uttrykte måndag at Maldonados noregsvisitt er flotte greier. Guillermo Maldonado er ein pinseven Osloregionen treng, påstår Torp. 




Skjermdump: Kommentar i kommentarfelt på Levi Fragells Facebook-vegg, måndag 13.3.2016.


Ein del meiner at Maldonado er falsk som få og frekk som fy. Nokon har til og med kalla han ein falsk profet.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Hva mener du?